KVA FOR EIN STIL ER "DEG"?
Velkomen til vårt lille moodboard for å få eit inntrykk av uttrykket dei ulike materiala gir.
Ein rustikk stil handlar om å bruke naturlege materialer, unike og ufullkomne elementer, og ein varm, innbydande atmosfære. Denne stilen legg vekt på ein enkel, tidlaus estetikk som framhevar det perfekte i det uperfekte.
Ein elegant og eksklusiv stil handlar om å skape ein atmosfære som følast tidlaus og gjennomført luksuriøs – utan å vere overlessa. Det er fokus på kvalitet framfor kvantitet, reine linjer, klassiske detaljar og eit uttrykk som utstråler sofistikasjon.
Borddekking med glas som hovedfokus skaper eit lett, sofistikert og harmonisk uttrykk.
Ved å bruke glaslysestaker, glasvaser og transparente detaljer oppnår du ein stil som virker både eksklusiv og luftig. Lyset reflekterast i overflatene og gir eit mjukt, luksuriøst skinn som løfter heile atmosfæren rundt bordet.
Det boheme handlar om friheit, natur og ei avslappa eleganse. Den blandar gjerne naturlege materialer, etnisk-inspirerte detaljar, vintageelementer og mykje fargar eller jordtoner. Dette gir ein varm, leiken og uformell atmosfære som følast både romantisk og litt eventyrleg.